Frå bygd til bydel

- frå gardsdrift til handelsentre og bustader i rekkjer og blokker

Forfatter(e): Inge Arrestad
Kan leses i årbok: 1

Alt er så annleis nå

Her er ikkje som den gong, me er moderne menneske, seier me. Tida er annleis nå, me har råd til å skaffe oss mest alt me treng, eller det me meiner me treng. Meir og meir. Eg trur ho starta for alvor, denne nye tida, dette kapplaupet, ein gong først på femtitalet, med folkevogna, med tanken på eigen bil til oss alle. Så kom TV-ane, og kulepennar en masse, etter kvart bankkort, internett, nettbankar. Og mobiltelefonar, ikkje minst. Til alle. Nyvinningar alt. Så fort alt har komme på, det ser me nå, i ettertid. Byen erobrar gammalt kulturlandskap